Kulleseidkanalen var ferdig ved årsskiftet 1855-1856. Kanalen var svært viktig for fiskerinæringa, og Kulleseid vart på grunn av trafikken gjennom kanalen eit sentrum i kommunen. Her var telegrafstasjon, postkontor, handelsbod, dampskipsstopp, kommunehus, lensmann og distriktslækjar.

Kulleseid anno 2005 er er nok ein langt meir fredeleg stad enn det var for 100 - 150 år sidan. Og nettopp denne idyllen set rammene for Melkevikfestivalen 2006. For fjerde gong - med større og breiare program enn nokon gong.


Billettar er ikkje lagt ut for sal enno.


For å koma til Melkevik er sjøvegen og landevegen jamngode alternativ. Dersom du tek landevegen føl du riksveg 541 til Kulleseidkanalen. Når du kjem til Statoil-stasjonen skal du ned ein smal veg ved sida av stasjonen som fører ned mot kanalen. Den føl du ca. 500 meter til du kjem til gjestehamna.


Dersom du vil ta sjøvegen og overnatta med båt i gjestehamna, ta kontakt med Kulleseidkanalen Gjestehamn anten på http://www.finnas.no/gjestehamn.htm eller på telefon 53 42 54 00.