|
25. juli 2006
Den uheldige Pierrot
Melkevikfestivalen har i år gleda av å presentera eit tilbod for born: Barneteateret ”Den uheldige Pierrot” vert sett opp i samarbeid med Saturnteateret. Det heile er gratis og startar kl. 15:00 på Finnås bedehus. Framsyninga høver best for born over fem år, men vil også more vaksne.
21. juli 2006
43,5 % til Melkevikfestivalen
Melkevikfestivalen kjem godt ut i ei uformell spørjeundersøking under overskrifta 'Kva meiner du?' på sunnhordland.no.
21. juli 2006
Endrig i programmet
Forfattaren Karin Moe måtte diverre melda avbod og går dermed ut or programmet. Inn kjem ein ung diktar som går under namnet Ole Jakob Totland.
3. juli 2006
Delaware
Det er endeleg avklart at Drammensbandet Delaware vitjar Melkevik. Delaware har laga furore på by:Larm og er etter kvart vorte eit velkjend namn både i og utanfor Noreg. Saman med Cato Salsa Experience er Delaware eit band av internasjonal klasse - eit band arrangøren er ekstra stolte av å få til Bømlo! Meir nyhende og inngåande presentasjon av karane frå Drammen fylgjer om ei veke.
2. juli 2006
Peep Durple
Bømlabandet Peep Durple seglar inn med ein frisk råkkevind no som artistlista nermar seg ferdigskriven. Peep Durple markerer seg som eit av dei lokale banda som er vel verdt å få med seg. Bjørn Håvard Bjørklund, Arnfinn Matre, Anders Helle, Roar Bakke og Roger Saglien serverer drivande tunge tonar av god gamal årgang laurdag kveld.
7. juni 2006
Øs Søsen til Melkevik i 2007?
Me har midt i førebuingane til festivalen vore i kontakt med apparatet rundt Øs Søsen. Det er ukjend kva prosjekt Søsen vil presentera, men det vert meldt om interesse for å vitja Melkevik. Søsen sjølv har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.
7. juni 2006
Agurknytt
Geir Ersland les dikt av Johannes Økland på festivalen. Økland sitt nye dikt "Leif Magnar Monsen" vil verta presentert.
24. mai 2006
Billettsal
Billettar vert om kort tid lagt ut for sal på www.bomlo.net.
26. april 2006
Cato Salsa Experience
Noregs tøffaste rockeband kjem til Melkevik 29. juli!
14. november 2005
Les festivalen si historie
Festivalen har hatt ei rivande utvikling på få år. Les om festivalgeneral Geir sine minner frå den spede barndomen under "arkiv".
24. oktober 2005
Heider til festivalen
Festivalen har fått mykje omtale - både på folkemunne og i media i år. Les avisutklyppa under "arkiv".
|